Eigeninnsats inneberer:

  • Dersom du kan nytte eksisterande luftkabel inn til huset ditt, slepp du eigeninnsats.
  • Dersom inntaket ditt skal gå i jord, må du grave ei grøft som er minimum 30 cm djup over eiga tomt frå avtalt leveringspunkt. Treng du avklaring på korleis inntaket kan løysast, ta kontakt med Arve Opsahl ved Sykkylven Energi på tlf. 934 97 462 måndag-torsdag.
  • Leggje røyr for fiberkabel i grøfta. Rør får du etter avtale hos oss. La røyrkveilen ligge på utsida av husveggen for montering av entreprenør. Legg finmasse rundt røyret. Stadlege massar kan nyttast om det ikkje er stein rundt røyret.
  • Ønskjer du hjelp til oppkopling eller kabling inne i huset, utover inntak, kan det avtalast direkte med Sykkylven Energi sin entreprenør, OneCo.

Det finns ulike løysingar for fibertilkopling i private heimar.

Dersom du har ein el-stolpe på tomta di kan vi truleg levere frå denne. Nokre stadar er det berre nett i jord. Då må kunden med eigeninnsats grave ned røyr frå anvist stad over eigen eigedom til bustaden der ein ønskjer fiberen innlagt. Fibernettet på staden vil bestemme leveringspunktet til tomt. Ta kontakt om du treng meir informasjon.

Alternativ framføring til bustad:

  1. Har du allereie fiberrøyr for inntakskabel, kan du der det er mogleg nytte dette røyret for framføring av fiber. Då slepp du graving. Du må avdekke røyr-endar, men vi kan hjelpe til med å få fiberkabelen gjennom røyret.
  2. For landbrukseigedommar eller større eigedommar må eigar sjølv stå for og dekke dei siste 40 meterane av fibergrøfta.

Framlegging av fiber inne i bustaden: Sykkylven Energi dekker installasjon av fiber frå yttervegg og inntil 10 meter innvendig, samt montering av medieconverteren. Medieconverteren må plasserast i eit temperert rom med straumtilknyting. Eigne røyr kan nyttast utan kostnad inntil 15 meter. Kabling fram til medieconverter skal utførast av våre montørar av omsyn til kvalitet og garantiansvar.